Tinn seier nei til ein sammenslåing av Telemark og Vestfold til ny region

Tinn seier nei til ein sammenslåing av Telemark og Vestfold til ny region

Blir det Skagerrak fylke, eller blir det ein region. Det råder stort sett kaos rundt regionreforma også. Også om Skagerrak skal skrives med éin eller to r'ar! Tinn formannskap har vedteke at dei ikkje ser en region med Telemark og Vestfold som ønskjeleg frå Tinn sin ståstad. Telemark bør i staden halde fram som eigen fylkeskommune som i dag, seier uttalinga.
Politikk
Publisert : 02.12.2016 08:00
Sist oppdatert : 03.12.2016 13:37

Blir Telemark kasta på Skagerrak? Blir Telemark og Vestfold ein ny region, eller blir det fylkessamaslåing?
Blir navnet det same som det vêrharde stredet mellom Danmark og Noreg?
Skal Skagerrak skrives riktig eller gale, med ein eller to r'ar?

Fylkestinget i Telemark skal behandle denne forhasta regionreformsaka i løpet av kort tid, mellom anna evt. samanslåinng av Telemark og Vestfold til ein region eller eit fylke.
 
Tinn formannskap vedtok i møte 24. november følgjande høyringsuttale som no er sendt til fylkeskommunen og fylkesmannen, skriv rådmann Rune Lødøen (.t.h.) i ein pressemelding.
 
«Tinn kommune ser ikkje ein region med Telemark og Vestfold som ønskjeleg frå Tinn sin ståstad. Telemark bør i staden halde fram som eigen fylkeskommune som i dag. Dersom dagens fylkeskommunar blir erstatta av nye folkevalde regionar meiner Tinn kommune at Telemark bør inngå i ein region saman med Buskerud og Vestfold.
Dersom det blir etablert ein ny folkevald region så bør flest mogleg av dei regionale statlege forvaltningsorgana følgje den same geografiske inndelinga.»
 
I saksutgreiinga frå rådmannen innleies det med at det er forhandla fram ei intensjonsavtale om eventuell samanslåing av Telemark og Vestfold fylkeskommunar. Telemark fylkesting har sendt intensjonsavtala på høyring til kommunane,
Høyringsfristen er 6. desember. Det betyr at det blir formannskapet som gjev uttale frå Tinn kommune.
 
I juni 2015 bad Stortinget om ei melding om nye oppgåver til større regionar. Stortinget peika på større regionar som ein føresetnad for ei forsterka rolle og nye oppgåver. På bakgrunn av dette oppmoda Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) fylkeskommunane til å starte ein "naboprat" om regionreform, og i den samanheng gjennomføre utgreiing av moglege alternativ.
 
Telemark fylkeskommune har, saman med Vestfold fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune, utarbeidd ei utgreiing om samarbeid eller samanslåing av Buskerud, Telemark og Vestfold (BTV). Utgreiinga er gjennomført av konsulentselskapa Oxford Research og BDO. Utgreiinga konkluderar med at gevinstane blir større ved samanslåing enn ved samarbeid. KMD har gitt fylkeskommunane frist til 01.12.2016 til å fatte vedtak om samanslåing slik at nye folkevalde regionar kan tre i kraft frå 01.01.2020 (samtidig med kommunereforma).
 
Prosessen så langt har resultert i at Telemark fylkesting har signalisert at dei primært ønskjer ei samanslåing av dei tre fylkeskommunane, medan Buskerud fylkesting ikkje ønskjer å slå seg saman med Telemark fylkeskommune. Telemark har òg hatt dialog med Aust-Agder fylkeskommune. Aust-Agder er i dialog med Vest-Agder. Aust-Agder ønskjer Telemark med i ein Agder/Telemark-region, men det ønskjer ikkje Vest-Agder. Ut frå dette står Telemark og Vestfold igjen som det mest aktuelle alternativet.
 
Den fulle vurderinga frå Tinn:

For Tinn kommune er det ikkje tenleg å gå inn i ein ny region utan at Buskerud fylkeskommune er med. Dette har samanheng med at Tinn orienterar seg i større grad mot Buskerud og Oslo enn mot Grenland og Vestfold. Det er også inngått omfattande samarbeid med kommunar i Buskerud gjennom Kongsbergregionen.
 
Rådmannen ser ikkje ein region med Telemark og Vestfold som ønskjeleg frå Tinn sin ståstad.
Då er det betre at Telemark held fram som eige fylkeskommune som i dag. For store delar av Telemark vil ikkje samanslåing med Vestfold gje ei funksjonell eining eller samanhengande bu- og arbeidsmarknader. Kommunikasjonsmessig vil Vestfold bli ein «utkant» for svært mange kommunar og dette vert forsterka ved å plassere fylkeskommunens politiske og administrative leiing til Tønsberg som dermed blir «regionhovudstad».
Telemark er eit betydleg reiselivsfylke og denne næringa betyr svært mykje for mange av Telemarkskommunane. Reiseliv er ikkje omhandla i intensjonsavtala.
 
Telemark er eit av dei største kraftfylka i Norge med store vasskraftressursar fordelt på kommunane og fylkeskommen. Dette i motsetnad til Vestfold som ikkje har desse ressursane. I intensjonsavtala er det sagt noko om kraftrettar og inngåtte avtaler. Dei avtalene som er inngått mellom kommunane og fylkeskommunene har ein balanse som sikrar at kommunane/fylkeskommunane sine andelar blir nytta der verdiskapinga skjer. Desse avtalene er midlertidige og kan seiast opp med verknad frå 2026. Det er difor grunn til å frykte at desse verdiane blir flytta på sikt.
 
Dei fleste kommuane i Telemark vil ikkje identifisere seg med regionnamnet «Skagerak».
 
Og med det vert konklusjonen som nevnt i innleiinga.
 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS