fbpx

Lokal sangerfilm med kvear-besøk på Rjukan Kino torsdag

Radio Rjukan2. januar 201713min
kvar-song-ei-soge_d463

– Torsdag 12. januar kl. 18 viser vi på nytt Kvar song ei soge. Rjukan kino er så heldig å få besøk av kvederane fra Tinn kulturskole, som skal underholde med kveding før visning, forteller kinosjef Endre Solhjem Knutsen.

""Kvar song ei soge er filmen der vi blir kjent med lokalbefolkningen rundt Møsvatn og hvordan de holder vår felles folkemusikktradisjoner levende. Opp gjennom århundrer har sangtradisjonen, eller kvedinga hatt en viktig plass i norsk kultur. I sangen skaper folk rundt Møsvatn, høyt til fjells og tett på Hardangervidda meningsfulle fortellinger i og om livene sine. Kvar song ei soge skildrer livene til de som bor rundt Møsvatn og hvordan de holder i hevd og utvikler en tradisjon som har stor betydning for vår felles kulturarv.  På Møsstrond er sangen sentral i hverdag og i fest, fra vugge til grav. Som Hillborg Romteveit sier i filmen "Eg trur at hadde eg ikkje songe, so hadde eg sikkert vore galen".

– Vi gleder oss til å få besøk av kvedarane på starten av forestillingen, og det er klart at folkemusikkmiljøet vil møte sterkt opp på denne visningen, sier Knutsen.

Rjukan Kino har satt opp den lokale filmen flere ganger. Den ble første gang vist på Verdensarvseminaret og som en del av Rjukan Rockfestival i våres. Så fikk den ordinær kinopremiere og filmen ble vist med stort frammøte 15. desember, da med fyrverkeriet av en regissør Aaslaug Vaa og verdensarvkoordinator Øystein Haugan til stede.

Da sa Haugan at dette er en film som de gjerne vil bruke videre i verdenbsarvsammenheng.
– En strålende film og et viktig dokument i verdensarven, sa Haugan.
 
Filmen er også vist på en rekke festivaler utover sommeren, og har gått sin seiersgang på Cinemateket i Oslo under årets EuroDok-festival.

I filmen dukker endel kjende folk fra områdert opp, som Randi Øverbø Hove og Kjell Hove. Jon Inge Øverbø Særsland, Ragnhild Øverbø Særsland, Randi Øverbø Hove, Kjell Hove, Marthe Nordjordet (datter av Elin Haatvedt), Jarle Nordjordet, Britt Karin, Trygve Vågen, Birgit Landsverk og Lars Erik Skjøtskift Øygarden og mange andre.

Her er en trailer til filmen:

""Vi kan lese fra presseskrivet:
"Opp gjennom hundreåra har den munnlege songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. "Kvar Song ei Soge" er ein film om dei som syng, som set pris på og fører vidare desse songane den dag i dag.

I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historiar og skaper historie. Slik blir kulturarven levande i kvardag og fest frå vogge til grav.

Kultur er ikkje noko gitt, men ei alltid uavslutta oppgåve. Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare. Varmt og nært, muntert og sorgfullt blir det i "Kvar sonmgt ei Soge"  fortalt om det å høyre til, reise bort og å lengte heim."

Mer fakta om KVAR SONG EI SOGE

Filmen Kvar song ei soge er valt ut som éin av 12 norske filmar som vert sett opp på programmet til den prestisjetunge Eurodok-festivalen på Cinemateket i Oslo frå 9. til 13. mars. 
Gjennom mange hundre år har den munnlege songtradisjonen, eller kveding, hatt ein viktig plass i norsk kultur. Kvar song ei soge er filmen om dei som syng, set pris på og vidarefører desse songane den dag i dag. 
""– Eg er utrulig glad for at filmen får sin festivalpremiere på Eurodok i Oslo. Vi gler oss til å vise den fram til publikum, seier Aaslaug Vaa. Ho er regissør for filmen, og produsent saman med Knut Skoglund frå Tromsø. 
– Kvar song ei soge er ein film om forteljinga og songen si rolle i liva våre. Den handlar om korleis du brukar song for å reflektere over ditt eige liv, og korleis songen opnar opp for eit djupare samvær og gjer dei vanskelege samtalane handterlige. I dagen sitt samfunn skal alt gå så fort. I filmen får vi lov til å vere i songen; i gleda og sorga og i tida. Filmen handlar om å leve, og den utfordrar oss til å reflektere, fortset Vaa. 
I Kvar song ei soge vert vi kjend med lokalbefolkninga rundt Møsvatn i Vinje kommune i Telemark. Bygda ligg høgt til fjells og tett på naturskjønne Hardangervidda. Gjennom songar skapar personane vi møter i filmen meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minner og forventningar. Dei fortel historier og skaper historie – slik vert kulturarven levande i kvardagen. 
– I Noreg som i resten av verda er det sterk tradisjon for å fortelje, tilarbeide og forstå liva våre gjennom song. I filmen møter du menneskje i et samfunn der songen i generasjonar har vore ein del av kvardagen. Slik er det framleis. Ikkje mange veit kor sterk og tydingsfull songen sine forteljingar er vevd inn i menneska sine liv og samvær. Dette opplev du i denne filmen, konstaterer regissøren. 
Sida vår songtradisjon står Aaslaug Vaas hjarte nær har ho valt å gjere ein ekstra innsats også på det digitale plan. Gjennom Facebook-sida Min Folketone er kvar og ein invitert til å dele sin utvalde song – eller sin ”folketone”. 
– Vi har oppretta Min Folketone for å skape et samlingspunkt der dei som ynskjer det kan dele sin song med oss alle. På den måten kan den munnlege forteljartradisjonen også halde fram vidare i eit moderne spor. Vi håpar denne sida kan spreie songglede, formidle tradisjonar og forteljingar. Her er det allereie presentert mange bidrag, og vi håpar mange blir med og deler sin folketone med oss. I tillegg vil vi presentere videoar frå det store materialet til Kvar song ei soge, fortel Vaa. 
Det fire år lange prosjektet starta som ein idé på landskappleiken i Seljord. Med seg på laget fekk ho ei rekkje dyktige samarbeidspartnarar, også utanfor Noreg sine grenser. 
– Dette er eit internasjonalt prosjekt. Danske Nanna Frank Møller har klippa filmen saman med norske Jon Endre Mørk. Virginie Surdej frå Belgia er filmfotograf og Olivier Touche frå Frankrike er lydmann. Medprodusent er Knut Skoglund frå Tromsø og klippeassistentar er Tor Edvin Eliassen og Anders Øvergaard. Distributør er Euforia Film. Eit lite budsjett og mykje idealisme har drive dette prosjektet i hamn, og vi gler oss til å vise fram resultatet, slår Aaslaug fast avslutningsvis. 
Filmen er produsert av Villa Lofoten og har premiere på Eurodok på Cinemateket i Oslo 9. – 13. mars. 
………………………………………………………………………………………………………………………… 
Utvida informasjon om Kvar song ei soge: 

I Kvar song ei soge møter du familien Randi Øverbø Hove og Kjell Hove med borna Jon Inge og Ragnhild Øverbø Særsland på garden Hove på Møsstrond, og morfar Einar Øverbø frå Åmotsdal. På den veglause garden Austli møter vi Hillborg Romtveit og mannen hennar, hardingfelespelaren Trygve Vågen. Lærar Inger Lien møter vi i klasseromet på Vinjesvingen skule og på slektsgarden Hamaren – ein innfallsport til Hardangervidda – eller nærare bestemt på tuftene som er igjen av garden etter at Møsvatn vart oppdemt. Halvor og Britt Karin, Jarle og Marthe er tre generasjonar Nordjordet som fortel om sine eigne liv gjennom song. Vi følgjer dei alle medan årstidene skiftar, frå isen legg seg seint på hausten på Møsvatn til St. Hans feiring med bål. 

Arrangementsfakta:
Lørdag 12. januar – Filmen "Kvar song ei soge" – Med sangelever fra Tinn Kulturskole
REGI: Aaslaug Vaa
SKUESPILLERE: Jon Inge Øverbø Særsland, Ragnhild Øverbø Særsland, Randi Øverbø Hove, Kjell Hove, Einar Øverbø, Inger Lien, Marthe Nordjordet, Jarle Nordjordet, Britt Karin og Halvor Nordjordet, Hillborg Romtveit, Trygve Vågen, Birgit Landsverk og Lars Erik Skjøtskift Øygarden.
LENGDE: 1 t. 11 min.
NASJONALITET: Norge
SJANGER: Dokumentar

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia