Farlig realistisk krim-roman som gave til kommunestyret

Farlig realistisk krim-roman som gave til kommunestyret

Lederen i Industri Energi i LO, Leif Sande, har sendt alle kommunestyremedlemmene i Tinn spenningsromanen Mafiela. Romanen er samstundes en politisk thriller om norsk vannkraft og politikken rundt strømpriser.
Politikk
Publisert : 26.03.2017 20:34
Sist oppdatert : 26.03.2017 20:56

Det er Tinns rådmann Rune Lødøen som forteller om gaven som er sendt som gave til kommunestyret.
tilsvarende gave er det flere andre vannkraftkommuner som har fått.

- Leiaren i Industri Energi/LO Leif Sande har sendt kommunestyremedlemmane i Tinn spenningsromanen MAFIELA. Romanen handlar om «mord og mysterier», men er samstundes ein politisk thriller om norsk vasskraft og politisk spel om straumprisar, energiloven, straumkablar til utlandet, grøne sertifikat, delprivatisering av Statkraft mm, forteller Lødøen, som fortsetter;

- Romanen utspelar seg vinteren og våren 2016.
Hovudpersonen er tidlegare olje- og energiminister Fred Kvarme frå Senterpartiet som i boka blir kalla «energilovens far». Eit sentralt punkt er kva som skjedde når energilova av 1990 vart vedteken. Her blir tidlegare industriminister og fylkesrådmann i Telemark Olav Haukvik sine framlegg til ny energilov (han var leiar i Energilovutvalet) trekt fram. Vi arbeidde for øvrig nært med Olav når det galdt konsesjonskraftordningane i Telemark på 1980 – talet. Brundtlandregjeringa innstilte på hans framlegg, men etter at Syse-regjeringa kom til makta like etter vart dette snudd heilt på hovudet slik at marknaden no skulle styre kraftbransjen. I den verkelege regjeringa var det ein SP politikarar som var olje- og energiminister og han vart og kalla energilovens far. Ein annan sentral person i romanen er tidlegare NVE direktør Erling Diesen.
Ellers er Norsk Hydros nedlegging av gjødselsproduksjonen på Rjukan som dermed hadde ledig kraft trekt inn i denne romanen.
LVK er og omtala i romanen som en av landets mest profesjonelle lobbymaskiner, forteller Lødøen.

Lødøen tar sikte på å levere ut boka på neste kommunestyremøte.
 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS