Rune Lødøen slutter som rådmann
Rune Lødøen

Rune Lødøen slutter som rådmann

Rådmann i Tinn, Rune Lødøen, slutter ved nyttår. Det kommer fram i en pressemelding. Han går av med pensjon, etter eget ønske
Politikk
Publisert : 16.08.2017 13:21
Sist oppdatert : 17.08.2017 09:15

HER ER PRESSEMELDINGEN: 

Ordførar og formannskap er varsla om at eg sluttar som rådmann i Tinn kommune 1. januar 2018.
Eg er no 63 år og med ei særaldersgrense for rådmenn på 62 år har eg mogleghet for å ta ut pensjon.

Å vere rådmann i ein kommune er krevande, men særs spennande. Eg har hatt rådmannsstillinga i Tinn i meir enn 11 år. Det har vore ei fantastisk tid med god utvikling for kommunen. 

Tinn kommune er ein veldriven kommune med dyktige tilsette og ryddig økonomi. Rådmannen har ansvar ikkje berre for drifta i kommunen, men og for samfunnsutviklinga saman med ordførar og kommunestyre. Samspelet med noverande og tidlegare ordførarar har vore prega av tillit, samarbeid og god rolleforståing,  noko som er avgjerande for å få resultat. 

Utviklinga innan reiseliv er formidabel, det er etablert ny industri i kommunen m.a. datalagring, kommunen har fått stor merksemd både innanlands og internasjonalt med Solspeilet, TV-seriar, filminnspelingar mm. Den største hendinga var å få vere med når Rjukan-Notodden Industriarv vart skriven inn på Unescos Verdsavliste i Bonn 5. juli 2015.

Den største nedturen var nedlegging av Rjukan sykehus, trass i at lokalsamfunnet kjempa hardt mot dette.

Eg har tidlegare vore rådmann i Vinje og Tokke kommunar frå 1985. For tida er eg leiar for rådmennene i Telemark  (KS sitt rådmannsutval) og Energirådet i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK sitt rådmannsutval).

Eg vil framleis engasjere meg i energisaker og kommunal forvaltning, skriver Rådmann Rune Lødøen. 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS