Landskappleiken i Tinn utsatt til 2021
Fra en annen kappleik

Landskappleiken i Tinn utsatt til 2021

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 blir avlyst. Landskappleiken 2020 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune
Kultur
Kyrre Dahl
Publisert : 25.03.2020 18:58
Sist oppdatert : 25.03.2020 19:01

Styret i FolkOrg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2020 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i Fron, vorte samde om  å avlyse båe arrangementa i 2020. Det betyr at Landskappleiken vert avlyst for første gong sidan 2.verdskrigen –  Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert avlyst for første gong.

Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid. Det er første gong  Landskappleiken vert avlyst sidan 2. verdskrigen, så dette er ein dramatisk situasjon også for organisasjonen vår.

Situasjonen er for tida svært uavklåra, og sjølv om dei strenge og inngripande tiltaka som no er sett i verk kan bidra til å redusere smitteomfanget, har vi ingen garanti for at dette ikkje kan ta seg opp att når dei strenge restriksjonane blir lempa på.

«Vi kan ikkje risikere å utsette folk for smitteeksponering ved å gjennomføre to store arrangement med tett kontakt mellom folk, mot alle råd og restriksjonar frå helsemynde og regjering. Vi kan heller ikkje risikere at våre lokallag knekk ryggen økonomisk dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av avtalar med leverandørar og kommersielle samarbeidspartar, no når det er så stor usikkerheit knytt til gjennomføring. Da er det betre å avlyse sommarens arrangement først som sist, og kome sterkare attende i 2021» seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.


Landskappleiken 2020 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune

«Hovudnemnda for Landskappleiken 2020 Tinn ser at det å gjennomføre dette arrangementet i Korona-året vert vanskeleg. Det er uvisst kor lenge dette kjem til å vare. Vi  må difor avlyse årets landskappleik. Men så er det no heldigvis slik at det kjem nye år. Og vi har difor bestemt, i samråd med FolkOrg, at Landskappleiken 2021 vert på same stad med dei same folka og på same viset som me skulle hatt i år. Alle som ein. Ta vare på kvarandre,  spel, dans og syng. Me møtest i Tinn 23.-27. juni 2021», seier leiar for hovudnemnda Øystein Haugen.

Kjelde: FolkOrg








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS