Hjartdal kommune vedtar utvida karanteneregler
Tuddal

Hjartdal kommune vedtar utvida karanteneregler

I år kan du ikkje ta i mot besøk i Hjartdal i påska – frå andre regionar i Noreg. I år kan du ikkje reise heim på påskebesøk til Hjartdal om du bur i andre regionar i Noreg
Lokal
Kyrre Dahl
Publisert : 03.04.2020 11:12
Sist oppdatert : 03.04.2020 11:18

Torsdag har kommuneoverlegen i Hjartdal fastsett utvida karanteneregler etter lov om vern mot smittsomme sjukdomar (lov av 5.aug. 1994 nr. 55 §4-1 fyrste ledd bokstav c og d). Reglane gjeld i frå torsdag 2.april kl 15.00.

Hjartdal kommune arbeidar kvar dag med å unngå koronasmitte i kommunen. Så langt er ingen smitta.

 - Vi er likevel sårbare som kommune, og planlegg for at smitten kan råke Hjartdal også. For vår beredskap er det særs viktig at dette utsettas så langt som råd, skriv kommunen på sine nettsider.


Hovudårsak til vedtaket er begrensa tilgang på smittevrnutstyr. Alle tiltak for å redusere risiko vert drøft og vurdert.

No ser ein eit særskilt behov for å unngå unødvendige reiser, spesielt i påskedagane frå og med torsdag 2.april til og med måndag 13.april.

 - Vi er kjend med at det planleggas påskebesøk til Hjartdal frå større områder i landet som har utbredt smitte. Vi er òg kjend med at folk tenker at dagsturar til Hjartdal er greitt.

Dei vedtatte, utvida, karantenereglar gjer eit tydeleg skilje på private reiser til Hjartdal, og reiser i samband med næringsverksemd.

 - Vi ynskje å redusere «påsketrafikken» til vår kommune, utan at det skal gå utover arbeidstakarar og næringsaktørar som må gjennom Hjartdal eller skal utføre oppdrag i Hjartdal kommune, melder Hjartdal kommune.

 - Vi skulle naturleg nok sagt: «Velkomen heim til Hjartdal, også i påska». Det kan vi ikkje i år. Andre stader i Noreg er i betydeleg større grad utsett for Koronasmitte enn kva Aust- og Vest-Telemark er utsett for. Av smittevernomsyn og bemanningsutfordringar i helse- og omsorgssektoren er det avgjerande at vi ikkje tar unødig risiko desse dagar.
 

Heile bestemmelsen ligg her: Forskrift om utvida karanteneregler for fastboende og forbod mot innreise i Hjartdal kommune.

Kjelde: Hjartdal kommune








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS