Klimakur får konsekvenser for landbruket i Øvre Telemark
Høylandsfe kalv FOTO: Fylkesmannen

Klimakur får konsekvenser for landbruket i Øvre Telemark

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har analysert mulige endringer for jordbruket i 2030 dersom tiltaka i Klimakur 2030 blir sett i verk. Dette arbeidet viser at antall storfe i fylket blir redusert med 47 %.
Næringsliv
Kyrre Dahl
Publisert : 19.05.2020 12:05

Dette er ei større reduksjon enn i landet ellers då vi har relativ mange ammekyr. Det er ammekyr-produksjonen som blir redusert mest ved gjennomføring av Klimakur 2030. Ein reduksjon av talet på sau med 35 %, råker særleg Øvre Telemark, og ein reduksjon av talet på svin med 37 %, råker særleg Vestfold. Ein reduksjon av talet på husdyr i dette omfanget betyr mindre trong for grovfôrareal, og fôrkornareal.

For Øvre Telemark, betyr den stipulera reduksjonen i beitedyr ein redusert trong for jordbruksareal med nesten 40 %. Drift av dette arealet kan ikkje kompenserast med anna produksjon i same omfang. Verdiskaping i fylket sett under eit går ikkje nødvendigvis mykje ned, men fordeling av verdiskaping i dei ulike regionane endrar seg betydeleg. Dette krev samstundes at produksjonen av matkorn, potet, grønsaker, frukt og bær verkeleg må aukast i andre delar av fylket for å nå mengda som er føresett i dokumentet.

I Klimakur 2030, er det analysert potensialet for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar som jordbruk er ein del av, og tiltak som aukar opptaket og reduserer utslepp frå skog og anna arealbruk.

For jordbruket er tiltaket ‘overgang frå raudt kjøtt til plantebasert kost og fisk' framstilla som tiltak med størst utsleppsreduksjon i jordbrukssektoren. Tiltaket, som det er omtalt i Klimakur 2030, inneber ein nedgang i forbruk, og dermed òg produksjon av raudt kjøtt (storfe, sau og svin) med 30 %.

Ein anna del av tiltaket er at det skal etast og dyrkast meir norsk produsert matkorn, potet, grønsaker, frukt og bær. Tiltaket har både innanfor og utanfor fagmiljøet, fått mykje merksemd og ført til debatt. Det er lett å forstå då konsekvensane for jordbruket er store, og tiltaket kan komma i konflikt med andre gode føremål frå jordbruket.

Jordbruket må bidrege med tiltak som reduserer klimagassutslepp, på likt linje med andre sektorar. I Noreg står jordbruket for 8,6 % av utsleppet av klimagassane. Det finst fleire moglegheiter til å redusera utsleppet. Døme på tiltak for reduksjon er fôringstiltak i husdyrhald, ei betre gjødselhandtering, biogassproduksjon av husdyrgjødsel, drenering av jord og såing av fangvekstar.

Nokre av tiltaka har tilleggseffektar som ikkje er berekraftig. Dette gjeld effektane på biologisk mangfald, kulturlandskap, sjølvforsyning, matvareberedskap, landbruk over heile landet og den globale matforsyninga.

Dei fleste er samd om at husdyrhald bør innrettast meir basert på utnytting av dei marginale grasareala, og meir basert på norsk fôrkorn og proteinkjelder som er produsera utan å konkurrera med produksjon av mat. Tiltaket ‘overgang frå raudt kjøtt til plantebasert kost og fisk' gir ikkje automatisk eit insentiv til ei utvikling i denne retninga.

Klimaavtalen som regjeringa inngjekk med Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, inneheld mange tiltak for å redusera klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon frå jordbruket. Det var også fokus på tiltak som kan redusere risiko for uønskte konsekvensar og tilleggseffektar. 

Kilde: Fylkesmannen








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS