Nytt naturreservat i Tinn
FOTO: Sigve Reiso, Fylkesmannen

Nytt naturreservat i Tinn

Rollagåsen naturreservat vart verna 23. juni 2020, og er eit av dei 12 naturreservata som ligg i Tinn kommune.
Natur/Vær
Publisert : 17.08.2020 10:53
Sist oppdatert : 17.08.2020 10:57

Rollagåsen ligg ved Mæl, i munningen av Vestfjorddalen, ca 10 km aust for Rjukan.

Rollagåi renn gjennom ein dramatisk og bratt bekkekløft. Lisidene rundt kløfta er jamt over bratte, til dels med loddrette stup og bergheng. Mot botn finst fleire store steinblokker og ein del bergvegger. Innerst i kløfta kastar Høgfossen seg ned lisida med eit fall på heile 109 meter, noko som er Tinn sitt største fossefall. Vidare nedstraums er kløfta jamt bratt med fleire små tersklar med tilhøyrande fossefall.

Formålet med naturreservatet er å verna eit område som har særleg tyding for biologisk mangfald på grunn av førekomst av eldre lågtliggande høgproduktiv og grandominert skog rik på død ved, og dessutan parti med rik edellauvskog.

Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av førekomst av dei sjeldne og trua naturtypane høgstaudegranskog og kontinental bekkekløft, og dessutan ei rekke sjeldne og trua artar av mose, sopp og lav.

Området har sterkt regional verneverdig, skriv Fylkesmannen








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS